Denne vandringa var ei så sterk oppleving at eg har ikkje landa heilt enno. Eg gjekk berre om lag 160 km og brukte 11 dagar på det, så opplevingane sit meir i sinnet enn i kroppen. Siste vandring var til Riesa ved Elben.
Men eg er ikkje ferdig. Kanskje reiser eg tilbake til Görlitz saman med andre neste sommar for å gå same ruta og visa fram det flotte eg fann i år. Eller kanskje held eg fram der eg slutta. Uansett er eg ikkje ferdig med min medvandrar Christine, som dessverre fekk så store problem med føtene at ho måtte bryta. Heller ikkje er eg ferdig med Monika i Crostwitz. Og så vidare og vidare - eg har fått så mykje!!!
Kvar gong eg har vore på vandring, føler eg at eg kjem yngre og gladare heim att. Berre vent, snart er eg tenåring!
Kari pilegrim
mandag 30. august 2010
Artig møte i Skassa ved Grossenhain
Skassa ligg nokre km utanfor sentrum av Grossenhain. Der er er ikkje så mykje, men ein gammal nedsliten Pfarrhof utan prest. Det er mange slike. Før var der prest i alle landsbyar, no slår dei saman kyrkjelydar og sentraliserer, og kyrkjelydane kjenner seg forlatne og tilsidesette. Men i Pfarrhof i Skassa bur ein familie med tre born frå 3 til 10 år. Ho jobbar i skulen, og han er kyrkjeleg ungdomsarbeidar i distirktet. Huset er digert, og ein del ungdommar gjekk ut og inn. Der var brettspel i stablar som nesten rakk til taket. Og pilegrimsherberge. Me var to pilegrimar der. Familien inviterte oss med til ettermiddagskaffi og -is i hagen. Dei fortalde at dei har bakgrunn frå Ten Sing-arbeidet, ho frå Vest-Tyskland og han frå Aust-. Eg spurde om dei kjende kateketen på Tranby, Turid Werrum, som reiste til både BRD og DDR med Ten Sing Lier og fekk starta slikt arbeid der. Det gjorde dei. Artig å finna felles kjende! Turid bur framleis på Tranby. Eg har budd der i 25 år og hatt mykje med henne å gjera.
Eg overnatta der frå torsdag til fredag. Kvar fredag inviterer dei til felles frukost og påfylgjande bøne- og bibelsamtale heime hos seg. Der var vel godt og vel ti personar. Yngstejenta på tre leika stille og fredeleg medan me andre tenkte på bibelteksten. Bortsett frå ein eldre mann og to middeladrande pilegrimar, var det berre unge. Ein ungdomsprest i Grossenhain var der og. Han har ein gong sykla nord gjennom Finland, over til Noreg ved Narvik, vidare til Nordkapp og tilbake til Tromsø. Oi, seier eg berre.
Det var så godt å vera der! Det er så mange flotte folk ! Skal sjå om eg får eit bilete eller to på plass.

lørdag 28. august 2010
Bileta finst i eit album
Eg fann bileta mine i eit album, og har skrive tekst. Men kvar eg finn dei igjen, det veit ikkje eg.
Eg treng visst hjelp
Noko må vera gale. Eg lastar opp fleire bilete, trykkjer på "publiser innlegg", og så kjem berre det siste med. Kan nokon hjelpa meg?
Abonner på:
Kommentarer (Atom)