torsdag 12. august 2010

No er eg i Bautzen

Torsdag kveld, og eg har gaatt i fire dagar. Har ikkje kome saa langt. Det er baade fordi eg trivst saman med Christine som eg traff i Görlitz, og for henne er 10-15 km langt nok for ein dag. Og fordi det er fantastisk aa möta folk her. Denne gjestfridommen, tillita og gudstrua. Gleda over aa möta pilegrimane. Opphaldet hos Frau Schönborn i gaar, var fantastisk. Vegen er flat og lett aa gaa, Eg har sett baade stork, raadür, frosk og mange soppar. Og endaa fleire müggar. No er eg i ein litt stor bü, som er dominert av ei slavisk folkegruppe som heiter Sorbarar. Me overnattar paa det katolske menighetssenteret. Det var ikkje heilt lett aa finna fram. Endaa dette er ei domkürkje, var det svärt faa som visste kvar ho var - midt i sentrum, rett bak raadhuset. Elles faar eg inntrükk av at kürkja spelar ei aktiv rolle sosialt i dei smaa landsbüane. Det er saa vakkert her! Velstelt og reint, og vide kornaakrar.
Det er ikkje saa veldig mange andre pilegrimar paa vegen, men nokon. Me var fem som overnatta hos Frau Schönborn i natt. Heile dama var ei levande preike om prövd og grunnfesta og glad gudstru.
I kveld har det tordna. Haapar paa fint ver i morgon. Hittil har eg ikkjer brukt regnklede under vandringa. Pax et bonum!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar