lørdag 14. august 2010

Regn i Crostwitz

Men ikkje berre regn. Etter ei natt i andre etasje paa kontoret til den katolske domkürkjemenigheten i Bautzen, er eg (eller rettare sagt: me, for eg gaar stadig saman med Christine) paa eit nytt privat herberge i ein liten landsby som heiter Crostwitz. Her bur det for det meste sorbarar, ei lita slavisk folkegruppe paa omtrent 600000. Dei har sitt eige spraak og til dels sin eigen kultur. Dei er hovudsakeleg katolikkar. I gaar var me paa sorbisk kveldsmesse. Det var fint. Eg tok mot nattverden, etter aa ha diskutert saka med Monika, som driv herberget her. Ho er ogsaa sorbar. Dei er sjölvsagt tosprkaaklege, men snakkar sorbisk til dagleg. Det er ogsaa undervisningsspraaket i barneskulen.
Mannen til Monika bygde opp herberget. Ho jobbar som radioreportar. For akkurat eit aar sidan döydde han heilt braatt og uventa, og saa driv ho det vidare aaleine saa langt ho klarar, med hjelp av gode naboar. Me har kolossalt mykje aa lära av desse folka her. Slik hjartevarme og glede (!) har eg sjeldan mött paa, og det er ikkje akkurat fordi livet har vore greitt og enkelt.
Vegen er flat og lett aa gaa, godt merka. Det sprutar opp sopp alle stader. Eg reknar det som min askese paa turen aa gaa fordi dei. Forresten er det aller mest flugesopp, saa askesen er til aa leva med. Christine plar stoppa og ropa "Kari! Pilze!" dersom ho gaar före meg.
Eg var litt redd for at dei berre hadde pumpernikkelbröd for pilegrimar i Tyskland, men heldigvis finst det anna og.
Det er fare for overflöyming igjen, sidan det er varsla meir regn. Eg har vel aldri för sett saa tydeleg korleis elvane fungerer som livsnervar. Dei renn i veg, men er brune og skitne, og store.
Me tenkjer ei veldig kort vandring i dag, berre 4-5 km til eit sistersiensar-nonnekloster. For min del er det baade fordi eg har lyst til aa oppleva klosteret, og fordi det skal framförast eit historisk spel her i Crotswitz i kveld. Monika vil koma og henta oss til det, og köyra oss tilbake etterpaa.
Monika har ei utstilling av treskulpturar her av ein lokal kunstnar. Eit krusifiks fall eg pladask for, saa det skal sendast til Selje.
Hittill har det ikkje vore mykje fysisk utfordring paa denne vandringa, Faar sjaa etter kvart om eg legg ut paa eiga hand og gaar lengre dagsmarsjar.
Eg sit ved Monika si maskin og skriv. I gaar bladde me opp paa bloggen min, og fekk han omsett til tysk. Av og til lo dei seg i hel over det som datamaskina fann ut at eg hadde skrive. Eg skal pröva aa leggja inn biletet paa eigne innlegg.

1 kommentar: