Dei fleste var ute av seg av forundring over at eg hadde reist heilt frå Noreg for å gå Der ökumenische Pilgerweg. Hittil er vegen ein nokså uoppdaga skatt (men der skal ha vore ein nordmann i 2006). Eg møtte berre tyskarar. Men der er fleire nasjonalitetar. Eg høyrde om sveitsarar og folk frå Puerto Rico (trur eg det var), og diverse andre. Det var fleire utlendingar tidlegare, sa dei.
Eg kan ikkje påberopa meg nokon ekspertise om kven som går der. Men eit lite inntrykk har eg jo, ikkje minst etter samtalar med folk. Som her er det flest kvinner. Flest godt vaksne folk. Mange er aktive i kyrkja, men slett ikkje alle.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar