onsdag 4. august 2010

Pilegrimsferd på internett

No kastar eg meg i alle fall ut på det ville hav, og det attpåtil eit virtuelt hav. Eg opprettar blogg. Snakk om flink, sjølv om eg fekk god hjelp. I fyrste omgang har eg tenkt å skriva frå pilegrimsvandringa mi i Tyskland, som startar om to dagar og varer i litt over to veker. Eg skulle ha reist av garde til Gardermoen med nattbussen i kveld, men utsette avreisa. Yr varslar skybrot i Görlitz både fredag og laurdag, og det får vera måte på å oppsøkja villt hav. Eg skal gå langs Der oekumenische Pilgerweg, som startar i den austlegaste byen i Tyskland, Görlitz i Sachsen, og strekkjer seg 450 km vest/sørvest. Så får eg sjå kor langt eg kjem og kor lett det er å finna fram. Får også sjå kor mange tilgjengelege PC-ar det finst langs vegen. Eg veit ikkje så mykje, men leia har ei god nettside på http://www.oekumenischerpilgerweg.de/
Har forhøyrt meg litt der.
Elles: Eg går svært gjerne på pilegrimsvegar. Skal nok skriva meir om meg sjølv etter kvart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar