Nei, eg veit at det ikkje heiter Tuskland. Men kva skal ein gjera. Endeleg fekk eg tilgang til PC. Eg er i ein Dorf som heiterWeissenberg, i eit heilt fantastisk privat herberge. Eit eldre ektepar har eit stort hus med plas til gjester, altsaa: pilegrimsherberge. Me kom i gaar ettermiddag, sa goddag, og dei viste oss rundt, gav oss nökkel og sa at dei skulle bort, men berre bruk kjökkenet og ta dükk til rette. I dag har me faatt kjempegod frukost hos dei, og mannen skal visa oss kürkja etterpaa.
Eg kom til Görlitz laurdag kveld, den austlegaste büen i Tüskland, med elva Neisse som grenseelv til Polen. Sundag gjekk eg til gudsteneste i den flotte Peterskürkja deira, og oppdaga at heile gudstenesta var katastrofeprega, dei las bibelteksar om vatnet som staar meg til halsen (Salme 69, trur eg) og slikt, og alle salmane var hjelp meg-salmar. Saa fekk eg vita at ein dam hadde brote aman paa grunn av striregnet, og vasstanden hadde auka fraa ein til sju meter. Kürkja ligg paa ein hag rett ved elva. Der var fullt i folk og reportarar, baade paa brua over til Polen og rundt omkring alle stader. Eg gjek ogsaa over brua for aa ha vore i Polen. Var der i ti minutt, daa eg skulle tilbake, var brua stengt og det stod politifolk paa begge sider som kontrollerte kven som fekk lov til aa gaa over. Eg fekk. ei var sikkert redde for at brua skulle brüta saman, det günga i henne daa eg gjekk over fürste gongen. Gater var stengde og folk gjekk i gummistövlar og bar tinga sine ut paa gata. Tusenvis av sandsekkar stod oppmarsjert. Skikkeleg ulukke for de som vert ramma. Det vart sagt at Görlitz gadde drikkevatn berre for 24 timar - men det har visst ordna seg.
Eg fekk kjöpt pilegrimpass og bok, og fann fram til eit herberge i kjellaren i metodistkürkja. Det var fattigsleg, men hjarteleg. Der var to andre damer, ei av dei var Kristine fraa Dresden som har sin aller fürste pilegrimstur. Me har gaatt saman sidan, og det passar oss bra. Landskapet er veldig fint, alle hus er saa velstelte, for ikkje aa snakka om kürkjegardane. I forgaars overnatta me i Arnsdorf, der menighetshuset ogsaa tente som büufdekino og alle mötte fram og hadde grilling og svärt sosial samkome. Paa döra til toalettet stod det at her er alle sündarar velkomne. Skal pröva aa leggja inn bilete.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar