fredag 6. august 2010

Den som aktar på vinden

Moderne tilpasning av eit ordspråk i Bibelen (Fork 11,4):  Den som stødt aktar på vinden, kjem ikkje til å så, og den som alltid ser på yr, kjem ikkje til å gå. Det varsla regnet i Görlitz flytter seg fram og tilbake. Men la det gjera det. I kveld tek eg nattbussen. Forhåpentlegvis sit eg i eit tog mellom Berlin og Görlitz i morgon på desse tider. Gummistøvlar er for travelt å ha med, så det får verta mine gore-tex joggesko. Kva er det eg syter etter? Eg er ikkje i Pakistan og har mist alt i flaumen.
Forresten: Eg la berre inn feil bilete i går kveld. Ja ja.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar