lørdag 21. august 2010

Avslutta, og i Leipzig

Fyrst ei retting: Det er om lag 60 000 sorbarar, ikkje ti gongar saa mange.
Det er ei veke siadn eg skreiv sist. Denne turen har vore full av opplevingar, men svak pü kilometer, og endaa svakare paa tilgjengelege pc-ar. Det er litt trist, for eg skulle unnt alle aa faa eit skikkeleg innblikk i denne leia. Det er rett og slett veldig bra.
I gaar var siste vandredag. No er eg i eit hostal i Leipzig saman med Kjetil, sonen min, som skal feriera saman med meg til tysdag, daa me reiser heim att. Eg gjekk til Riesa, om lag 70 km herifraa. Baade i gaar og i dag har det vore skikeleg varmt og godt, saa det var ei varm vandring paa sykkelvegen fraa Skassa ved Grossehain til Riesa i gaar. Og fin! Mesteparten av turen gjekk langs elva Elbe. Ho er hög, som alle andre andre elvar for tida. Men ikkje illevarslande hög. Kanskje reiser Kjetil og eg til Görlitz, der eg starta fraa. DEt er ein artif by. Saa faar eg sjaa om vatnet har sige eller korleis det er.
Det som gjer mest inntrykk langs denne vegen, er möta med flotte og gode folk. Det er overveldande. Eg kunne skrive side opp og side ned om Waldraut, Monika, Kerstin og Steffen, Familie Kassner, Sigmar i fattighuset i Königsbrück og mange andre. Petra, som eg trefte etter at Christine gav seg, sa i gaar at ho har faatt igjen trua paa menneska under denne vandringa. Me har veldig mykje aa läea. I beste fall lärer med litt.
Eg har vore velsigna med fint ver for det aller meste. To gongar har eg brukt regnponcoen, og berre for ei kort stund. Det er ikkje verst i eit overflöymt omraade. Ei natt kom eit fäla tordenver, men daa var me inne og prövde aa sova.
Det skal eg snart gjera igjen. Skal skriva meir og leggja ut bilete seinare. .

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar