torsdag 5. august 2010

Det starta med ein delt melon i Spania

I morgon kveld gjev meg meg altså av garde og leitar meg fram til Tysklands austlegaste ende for å gå på ein pilegrimslei som knapt nokon veit om. Kvifor akkurat der?
Det starta i ein liten spansk by som heiter Hospital de Orbigo for eit år sidan. Eg gjekk åleine på pilegrimsferd til Santiago de Compostela i seks veker i fjor sommar. Denne kvelden hadde eg kjøpt ein melon og sat ute på gardsplassen ved herberget med han. Men melonen var for stor for meg, så eg spurde ein ung mann som også var åleine, om han ville dela han med meg. Det ville han, og me kom i snakk, fyrst på engelsk og så på tysk. Han fortalde at eigentleg hadde han ikkje hatt lyst å gå caminoen i Spania, for han var mot den masse-pilegrimismen som er der. Fullt i folk som ikkje veit kva ei pilegrimsvandring er for noko. Særleg tyskarar. Derimot hadde han gått Der ökumenische Pilgerweg i Tyskland, to gongar til og med, og den var fin. Ho er etablert med samarbeid mellom kyrkjelydane langs vegen, uansett konfesjon, difor "ekumenisk". Ei drifitg prestefrue hadde visst vore ein primus motor. Der er herberge i passeleg avstand og prisar på passeleg nivå. I det gamle DDR kjem der ikkje så mange folk, difor er dei glade for dei som kem. Sa han. Han gav meg nettadressa. Eg visste at i 2010 var ikkje Spania aktuelt for meg. Så difor altså. Nettsida er verkeleg bra. Dette biletet er omtrent frå Hospital de Orbigo. Ikkje at det seier så mykje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar