lørdag 28. august 2010

Armen-Haus Stenz i Königsbrück

Ja då, eg er heime i prestegarden i Selje som er frå 1770-åra, og slett ikkje i eit knøttlite fattighus i Königsbrück frå 1826. Men for nokre dagar sidan var eg der. Huset vart bygd av landsbyen for å hjelpa ei dame som hadde mist alt. Ho budde der lenge. Seinare budde der andre. No er det som eit museum og pilegrimsherberge. Utedo, ikkje vatn, ikkje elektrisitet, men stearinlys og ovn med mykje ved, veldig bratt og gammaldags trapp, senger på lemmen med stråmadrasser, Bibel og salmebok på hylla (eg fann ein gammal salme som var så fin at eg skreiv han av), sopelime, vaskestampar. Og litt meir. Det er eit par eldsjeler som held huset i gang og har kontakt med pilegrimane som kjem. Christine og eg hadde gjort avtale om at me skulle koma, men me vart veldig seine. Det var den dagen me gjekk oss vill tre gongar, og me unnte oss mat i den italienske restauranten i Königsbrück før me oppsøkte Armenhaus. Plutseleg kom det ein koseleg mann med blå skjorte og spurde om det var me som var dei verirrten Schafe - og det var det. Han har nok lese Luk 15. Han presenterte seg som Das Armenhaus.
Seinare på kvelden kom Sigmar (den andre av dei og heldt oss med selskap. Han hadde med ei flaske kvitvin og fortalde om huset og om litt av kvart. Me sov nydeleg på madrassene som lukta høy, og om morgonen kom Sigmar tilbake med fyrsteklasses frukost, og ein dunk med varmt vatn så me fekk vaska både oss sjølv og oppvasken. Til frukost fekk me til og med besøk av tre pilegrimar som hadde overnatta ein annan stad i byen. Det var rikeleg mat til oss alle fem.
Slik gjer dei kvar dag når der er pilegrimar. Det er ikkje kvar dag, men i alle fall fleire gongar i veka.
Prisen? Nei, den må eg skriva eit nytt innlegg om. Skal prøva å få lagt inn bilete også.

1 kommentar: