torsdag 26. august 2010

Heime att på ein måte

Pilegrimsvandringa i Tyskland er over, og det same er fire fine dagar saman med Kjetil i Tyskland. Det var ikkje akkurat overflod på tilgjengelege PC-ar langs Der ökumenische Pilgerweg, men der var overflod på mykje anna. Overfloda på vatn ser eg bort frå i denne omgang. Den skadde ikkje meg. Det var berre såvidt det kom litt regn på meg, merkeleg nok. Eg møtte Petra som hadde gått gjennom Crostwitz nokre dagar etter meg, og då stod vatnet henne til opp på leggen ein stad. Eg håpar berre ikkje det kom vatn inn i huset og herberget til Monika.
Regnet overfall Christne og meg på veg opp ein bratt bakke utanfor Kamenz, men det var berre bra, for då stoppa me der for den dagen. Dagen etter rota me veldig med vegen bort frå Hutberg i Kamenz. Det hadde ikkje vore greitt å leita etter ein nesten ubemerka Schwosdorf på slutten av ein lang dag.
Eg må jo skriva om Armenhaus i Königsbrück.
Må skriva om Pfarrhof i Skassa utanfor Grossehain, og må lura på kvifor Grossehain påberopar seg same legenda som Santo Domingo de la Calzada i Spania.
Eg må leggja ut bilete.
Men akkurat no må eg fyrst og fremst gå til sengs. God natt, heile verda!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar