mandag 30. august 2010

Artig møte i Skassa ved Grossenhain

Skassa ligg nokre km utanfor sentrum av Grossenhain. Der er er ikkje så mykje, men ein gammal nedsliten Pfarrhof utan prest. Det er mange slike. Før var der prest i alle landsbyar, no slår dei saman kyrkjelydar og sentraliserer, og kyrkjelydane kjenner seg forlatne og tilsidesette. Men i Pfarrhof i Skassa bur ein familie med tre born frå 3 til 10 år. Ho jobbar i skulen, og han er kyrkjeleg ungdomsarbeidar i distirktet. Huset er digert, og ein del ungdommar gjekk ut og inn. Der var brettspel i stablar som nesten rakk til taket. Og pilegrimsherberge. Me var to pilegrimar der. Familien inviterte oss med til ettermiddagskaffi og -is i hagen. Dei fortalde at dei har bakgrunn frå Ten Sing-arbeidet, ho frå Vest-Tyskland og han frå Aust-. Eg spurde om dei kjende kateketen på Tranby, Turid Werrum, som reiste til både BRD og DDR med Ten Sing Lier og fekk starta slikt arbeid der. Det gjorde dei. Artig å finna felles kjende! Turid bur framleis på Tranby. Eg har budd der i 25 år og hatt mykje med henne å gjera.
Eg overnatta der frå torsdag til fredag. Kvar fredag inviterer dei til felles frukost og påfylgjande bøne- og bibelsamtale heime hos seg. Der var vel godt og vel ti personar. Yngstejenta på tre leika stille og fredeleg medan me andre tenkte på bibelteksten. Bortsett frå ein eldre mann og to middeladrande pilegrimar, var det berre unge. Ein ungdomsprest i Grossenhain var der og. Han har ein gong sykla nord gjennom Finland, over til Noreg ved Narvik, vidare til Nordkapp og tilbake til Tromsø. Oi, seier eg berre.
Det var så godt å vera der! Det er så mange flotte folk ! Skal sjå om eg får eit bilete eller to på plass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar