Denne vandringa var ei så sterk oppleving at eg har ikkje landa heilt enno. Eg gjekk berre om lag 160 km og brukte 11 dagar på det, så opplevingane sit meir i sinnet enn i kroppen. Siste vandring var til Riesa ved Elben.
Men eg er ikkje ferdig. Kanskje reiser eg tilbake til Görlitz saman med andre neste sommar for å gå same ruta og visa fram det flotte eg fann i år. Eller kanskje held eg fram der eg slutta. Uansett er eg ikkje ferdig med min medvandrar Christine, som dessverre fekk så store problem med føtene at ho måtte bryta. Heller ikkje er eg ferdig med Monika i Crostwitz. Og så vidare og vidare - eg har fått så mykje!!!
Kvar gong eg har vore på vandring, føler eg at eg kjem yngre og gladare heim att. Berre vent, snart er eg tenåring!
mandag 30. august 2010
Artig møte i Skassa ved Grossenhain
Skassa ligg nokre km utanfor sentrum av Grossenhain. Der er er ikkje så mykje, men ein gammal nedsliten Pfarrhof utan prest. Det er mange slike. Før var der prest i alle landsbyar, no slår dei saman kyrkjelydar og sentraliserer, og kyrkjelydane kjenner seg forlatne og tilsidesette. Men i Pfarrhof i Skassa bur ein familie med tre born frå 3 til 10 år. Ho jobbar i skulen, og han er kyrkjeleg ungdomsarbeidar i distirktet. Huset er digert, og ein del ungdommar gjekk ut og inn. Der var brettspel i stablar som nesten rakk til taket. Og pilegrimsherberge. Me var to pilegrimar der. Familien inviterte oss med til ettermiddagskaffi og -is i hagen. Dei fortalde at dei har bakgrunn frå Ten Sing-arbeidet, ho frå Vest-Tyskland og han frå Aust-. Eg spurde om dei kjende kateketen på Tranby, Turid Werrum, som reiste til både BRD og DDR med Ten Sing Lier og fekk starta slikt arbeid der. Det gjorde dei. Artig å finna felles kjende! Turid bur framleis på Tranby. Eg har budd der i 25 år og hatt mykje med henne å gjera.
Eg overnatta der frå torsdag til fredag. Kvar fredag inviterer dei til felles frukost og påfylgjande bøne- og bibelsamtale heime hos seg. Der var vel godt og vel ti personar. Yngstejenta på tre leika stille og fredeleg medan me andre tenkte på bibelteksten. Bortsett frå ein eldre mann og to middeladrande pilegrimar, var det berre unge. Ein ungdomsprest i Grossenhain var der og. Han har ein gong sykla nord gjennom Finland, over til Noreg ved Narvik, vidare til Nordkapp og tilbake til Tromsø. Oi, seier eg berre.
Det var så godt å vera der! Det er så mange flotte folk ! Skal sjå om eg får eit bilete eller to på plass.

lørdag 28. august 2010
Bileta finst i eit album
Eg fann bileta mine i eit album, og har skrive tekst. Men kvar eg finn dei igjen, det veit ikkje eg.
Eg treng visst hjelp
Noko må vera gale. Eg lastar opp fleire bilete, trykkjer på "publiser innlegg", og så kjem berre det siste med. Kan nokon hjelpa meg?
Kven går?
Dei fleste var ute av seg av forundring over at eg hadde reist heilt frå Noreg for å gå Der ökumenische Pilgerweg. Hittil er vegen ein nokså uoppdaga skatt (men der skal ha vore ein nordmann i 2006). Eg møtte berre tyskarar. Men der er fleire nasjonalitetar. Eg høyrde om sveitsarar og folk frå Puerto Rico (trur eg det var), og diverse andre. Det var fleire utlendingar tidlegare, sa dei.
Eg kan ikkje påberopa meg nokon ekspertise om kven som går der. Men eit lite inntrykk har eg jo, ikkje minst etter samtalar med folk. Som her er det flest kvinner. Flest godt vaksne folk. Mange er aktive i kyrkja, men slett ikkje alle.

Spende
Spende tyder frivillig betaling. Det er gjennomgåande langs Der ökumenische Pilgerweg, i alle fall så langt som eg kom. Økonomien skal ikkje hindra nokon i å vera pilegrimar. Dei bad om 5 euro i Spende dei fleste stader, og sa det dekka utgiftene slik omtrent. Mange stader fekk me mat og drikke på kjøpet. Eg har råd til å betala meir enn 5 euro for ei natt, så eg betalte oftast 10. Ein må ha pilegrimspass for å overnatta på herberga.
I Spania har mange herberge det same systemet, og mange har fast pris. Då eg gjekk i fjor, varierte prisen mellom 3 og 9 euro for ei natt. Men den med 9, hadde frukost inkludert.
Ei natt i Tyskland hadde eg ei privat overnatting som ikkje var herberge på den måten, sjølv om adressa stod i Der Pilgerführer og ho hadde stempel. Der betalte eg 10 euro.

Eg lasta opp tre bilete, jo!
Dette er fusk! Eg lasta opp tre bilete, og så er det berre eitt som kjem fram! Christine ved bordet i fattighuset.
Armen-Haus Stenz i Königsbrück
Ja då, eg er heime i prestegarden i Selje som er frå 1770-åra, og slett ikkje i eit knøttlite fattighus i Königsbrück frå 1826. Men for nokre dagar sidan var eg der. Huset vart bygd av landsbyen for å hjelpa ei dame som hadde mist alt. Ho budde der lenge. Seinare budde der andre. No er det som eit museum og pilegrimsherberge. Utedo, ikkje vatn, ikkje elektrisitet, men stearinlys og ovn med mykje ved, veldig bratt og gammaldags trapp, senger på lemmen med stråmadrasser, Bibel og salmebok på hylla (eg fann ein gammal salme som var så fin at eg skreiv han av), sopelime, vaskestampar. Og litt meir. Det er eit par eldsjeler som held huset i gang og har kontakt med pilegrimane som kjem. Christine og eg hadde gjort avtale om at me skulle koma, men me vart veldig seine. Det var den dagen me gjekk oss vill tre gongar, og me unnte oss mat i den italienske restauranten i Königsbrück før me oppsøkte Armenhaus. Plutseleg kom det ein koseleg mann med blå skjorte og spurde om det var me som var dei verirrten Schafe - og det var det. Han har nok lese Luk 15. Han presenterte seg som Das Armenhaus.
Seinare på kvelden kom Sigmar (den andre av dei og heldt oss med selskap. Han hadde med ei flaske kvitvin og fortalde om huset og om litt av kvart. Me sov nydeleg på madrassene som lukta høy, og om morgonen kom Sigmar tilbake med fyrsteklasses frukost, og ein dunk med varmt vatn så me fekk vaska både oss sjølv og oppvasken. Til frukost fekk me til og med besøk av tre pilegrimar som hadde overnatta ein annan stad i byen. Det var rikeleg mat til oss alle fem.
Slik gjer dei kvar dag når der er pilegrimar. Det er ikkje kvar dag, men i alle fall fleire gongar i veka.
Prisen? Nei, den må eg skriva eit nytt innlegg om. Skal prøva å få lagt inn bilete også.

torsdag 26. august 2010
Heime att på ein måte
Pilegrimsvandringa i Tyskland er over, og det same er fire fine dagar saman med Kjetil i Tyskland. Det var ikkje akkurat overflod på tilgjengelege PC-ar langs Der ökumenische Pilgerweg, men der var overflod på mykje anna. Overfloda på vatn ser eg bort frå i denne omgang. Den skadde ikkje meg. Det var berre såvidt det kom litt regn på meg, merkeleg nok. Eg møtte Petra som hadde gått gjennom Crostwitz nokre dagar etter meg, og då stod vatnet henne til opp på leggen ein stad. Eg håpar berre ikkje det kom vatn inn i huset og herberget til Monika.
Regnet overfall Christne og meg på veg opp ein bratt bakke utanfor Kamenz, men det var berre bra, for då stoppa me der for den dagen. Dagen etter rota me veldig med vegen bort frå Hutberg i Kamenz. Det hadde ikkje vore greitt å leita etter ein nesten ubemerka Schwosdorf på slutten av ein lang dag.
Eg må jo skriva om Armenhaus i Königsbrück.
Må skriva om Pfarrhof i Skassa utanfor Grossehain, og må lura på kvifor Grossehain påberopar seg same legenda som Santo Domingo de la Calzada i Spania.
Eg må leggja ut bilete.
Men akkurat no må eg fyrst og fremst gå til sengs. God natt, heile verda!

lørdag 21. august 2010
Avslutta, og i Leipzig
Fyrst ei retting: Det er om lag 60 000 sorbarar, ikkje ti gongar saa mange.
Det er ei veke siadn eg skreiv sist. Denne turen har vore full av opplevingar, men svak pü kilometer, og endaa svakare paa tilgjengelege pc-ar. Det er litt trist, for eg skulle unnt alle aa faa eit skikkeleg innblikk i denne leia. Det er rett og slett veldig bra.
I gaar var siste vandredag. No er eg i eit hostal i Leipzig saman med Kjetil, sonen min, som skal feriera saman med meg til tysdag, daa me reiser heim att. Eg gjekk til Riesa, om lag 70 km herifraa. Baade i gaar og i dag har det vore skikeleg varmt og godt, saa det var ei varm vandring paa sykkelvegen fraa Skassa ved Grossehain til Riesa i gaar. Og fin! Mesteparten av turen gjekk langs elva Elbe. Ho er hög, som alle andre andre elvar for tida. Men ikkje illevarslande hög. Kanskje reiser Kjetil og eg til Görlitz, der eg starta fraa. DEt er ein artif by. Saa faar eg sjaa om vatnet har sige eller korleis det er.
Det som gjer mest inntrykk langs denne vegen, er möta med flotte og gode folk. Det er overveldande. Eg kunne skrive side opp og side ned om Waldraut, Monika, Kerstin og Steffen, Familie Kassner, Sigmar i fattighuset i Königsbrück og mange andre. Petra, som eg trefte etter at Christine gav seg, sa i gaar at ho har faatt igjen trua paa menneska under denne vandringa. Me har veldig mykje aa läea. I beste fall lärer med litt.
Eg har vore velsigna med fint ver for det aller meste. To gongar har eg brukt regnponcoen, og berre for ei kort stund. Det er ikkje verst i eit overflöymt omraade. Ei natt kom eit fäla tordenver, men daa var me inne og prövde aa sova.
Det skal eg snart gjera igjen. Skal skriva meir og leggja ut bilete seinare. .

lørdag 14. august 2010
Regn i Crostwitz
Men ikkje berre regn. Etter ei natt i andre etasje paa kontoret til den katolske domkürkjemenigheten i Bautzen, er eg (eller rettare sagt: me, for eg gaar stadig saman med Christine) paa eit nytt privat herberge i ein liten landsby som heiter Crostwitz. Her bur det for det meste sorbarar, ei lita slavisk folkegruppe paa omtrent 600000. Dei har sitt eige spraak og til dels sin eigen kultur. Dei er hovudsakeleg katolikkar. I gaar var me paa sorbisk kveldsmesse. Det var fint. Eg tok mot nattverden, etter aa ha diskutert saka med Monika, som driv herberget her. Ho er ogsaa sorbar. Dei er sjölvsagt tosprkaaklege, men snakkar sorbisk til dagleg. Det er ogsaa undervisningsspraaket i barneskulen.
Mannen til Monika bygde opp herberget. Ho jobbar som radioreportar. For akkurat eit aar sidan döydde han heilt braatt og uventa, og saa driv ho det vidare aaleine saa langt ho klarar, med hjelp av gode naboar. Me har kolossalt mykje aa lära av desse folka her. Slik hjartevarme og glede (!) har eg sjeldan mött paa, og det er ikkje akkurat fordi livet har vore greitt og enkelt.
Vegen er flat og lett aa gaa, godt merka. Det sprutar opp sopp alle stader. Eg reknar det som min askese paa turen aa gaa fordi dei. Forresten er det aller mest flugesopp, saa askesen er til aa leva med. Christine plar stoppa og ropa "Kari! Pilze!" dersom ho gaar före meg.
Eg var litt redd for at dei berre hadde pumpernikkelbröd for pilegrimar i Tyskland, men heldigvis finst det anna og.
Det er fare for overflöyming igjen, sidan det er varsla meir regn. Eg har vel aldri för sett saa tydeleg korleis elvane fungerer som livsnervar. Dei renn i veg, men er brune og skitne, og store.
Me tenkjer ei veldig kort vandring i dag, berre 4-5 km til eit sistersiensar-nonnekloster. For min del er det baade fordi eg har lyst til aa oppleva klosteret, og fordi det skal framförast eit historisk spel her i Crotswitz i kveld. Monika vil koma og henta oss til det, og köyra oss tilbake etterpaa.
Monika har ei utstilling av treskulpturar her av ein lokal kunstnar. Eit krusifiks fall eg pladask for, saa det skal sendast til Selje.
Hittill har det ikkje vore mykje fysisk utfordring paa denne vandringa, Faar sjaa etter kvart om eg legg ut paa eiga hand og gaar lengre dagsmarsjar.
Eg sit ved Monika si maskin og skriv. I gaar bladde me opp paa bloggen min, og fekk han omsett til tysk. Av og til lo dei seg i hel over det som datamaskina fann ut at eg hadde skrive. Eg skal pröva aa leggja inn biletet paa eigne innlegg.

torsdag 12. august 2010
No er eg i Bautzen
Torsdag kveld, og eg har gaatt i fire dagar. Har ikkje kome saa langt. Det er baade fordi eg trivst saman med Christine som eg traff i Görlitz, og for henne er 10-15 km langt nok for ein dag. Og fordi det er fantastisk aa möta folk her. Denne gjestfridommen, tillita og gudstrua. Gleda over aa möta pilegrimane. Opphaldet hos Frau Schönborn i gaar, var fantastisk. Vegen er flat og lett aa gaa, Eg har sett baade stork, raadür, frosk og mange soppar. Og endaa fleire müggar. No er eg i ein litt stor bü, som er dominert av ei slavisk folkegruppe som heiter Sorbarar. Me overnattar paa det katolske menighetssenteret. Det var ikkje heilt lett aa finna fram. Endaa dette er ei domkürkje, var det svärt faa som visste kvar ho var - midt i sentrum, rett bak raadhuset. Elles faar eg inntrükk av at kürkja spelar ei aktiv rolle sosialt i dei smaa landsbüane. Det er saa vakkert her! Velstelt og reint, og vide kornaakrar.
Det er ikkje saa veldig mange andre pilegrimar paa vegen, men nokon. Me var fem som overnatta hos Frau Schönborn i natt. Heile dama var ei levande preike om prövd og grunnfesta og glad gudstru.
I kveld har det tordna. Haapar paa fint ver i morgon. Hittil har eg ikkjer brukt regnklede under vandringa. Pax et bonum!

onsdag 11. august 2010
Vel plassert i Tuskland
Nei, eg veit at det ikkje heiter Tuskland. Men kva skal ein gjera. Endeleg fekk eg tilgang til PC. Eg er i ein Dorf som heiterWeissenberg, i eit heilt fantastisk privat herberge. Eit eldre ektepar har eit stort hus med plas til gjester, altsaa: pilegrimsherberge. Me kom i gaar ettermiddag, sa goddag, og dei viste oss rundt, gav oss nökkel og sa at dei skulle bort, men berre bruk kjökkenet og ta dükk til rette. I dag har me faatt kjempegod frukost hos dei, og mannen skal visa oss kürkja etterpaa.
Eg kom til Görlitz laurdag kveld, den austlegaste büen i Tüskland, med elva Neisse som grenseelv til Polen. Sundag gjekk eg til gudsteneste i den flotte Peterskürkja deira, og oppdaga at heile gudstenesta var katastrofeprega, dei las bibelteksar om vatnet som staar meg til halsen (Salme 69, trur eg) og slikt, og alle salmane var hjelp meg-salmar. Saa fekk eg vita at ein dam hadde brote aman paa grunn av striregnet, og vasstanden hadde auka fraa ein til sju meter. Kürkja ligg paa ein hag rett ved elva. Der var fullt i folk og reportarar, baade paa brua over til Polen og rundt omkring alle stader. Eg gjek ogsaa over brua for aa ha vore i Polen. Var der i ti minutt, daa eg skulle tilbake, var brua stengt og det stod politifolk paa begge sider som kontrollerte kven som fekk lov til aa gaa over. Eg fekk. ei var sikkert redde for at brua skulle brüta saman, det günga i henne daa eg gjekk over fürste gongen. Gater var stengde og folk gjekk i gummistövlar og bar tinga sine ut paa gata. Tusenvis av sandsekkar stod oppmarsjert. Skikkeleg ulukke for de som vert ramma. Det vart sagt at Görlitz gadde drikkevatn berre for 24 timar - men det har visst ordna seg.
Eg fekk kjöpt pilegrimpass og bok, og fann fram til eit herberge i kjellaren i metodistkürkja. Det var fattigsleg, men hjarteleg. Der var to andre damer, ei av dei var Kristine fraa Dresden som har sin aller fürste pilegrimstur. Me har gaatt saman sidan, og det passar oss bra. Landskapet er veldig fint, alle hus er saa velstelte, for ikkje aa snakka om kürkjegardane. I forgaars overnatta me i Arnsdorf, der menighetshuset ogsaa tente som büufdekino og alle mötte fram og hadde grilling og svärt sosial samkome. Paa döra til toalettet stod det at her er alle sündarar velkomne. Skal pröva aa leggja inn bilete.

fredag 6. august 2010
Den som aktar på vinden
Moderne tilpasning av eit ordspråk i Bibelen (Fork 11,4): Den som stødt aktar på vinden, kjem ikkje til å så, og den som alltid ser på yr, kjem ikkje til å gå. Det varsla regnet i Görlitz flytter seg fram og tilbake. Men la det gjera det. I kveld tek eg nattbussen. Forhåpentlegvis sit eg i eit tog mellom Berlin og Görlitz i morgon på desse tider. Gummistøvlar er for travelt å ha med, så det får verta mine gore-tex joggesko. Kva er det eg syter etter? Eg er ikkje i Pakistan og har mist alt i flaumen.
Forresten: Eg la berre inn feil bilete i går kveld. Ja ja.

torsdag 5. august 2010
Sjå heller desse bileta
Dette er frå herberget i Hospital de Orbigo. Ei italiensk pilegrimsgruppe kom dit om kvelden. Det var fyrste dagen deira, og dei hadde gått over 30 km. Der var mange ov-trøytte kroppar og såre bein.
Det starta med ein delt melon i Spania
I morgon kveld gjev meg meg altså av garde og leitar meg fram til Tysklands austlegaste ende for å gå på ein pilegrimslei som knapt nokon veit om. Kvifor akkurat der?
Det starta i ein liten spansk by som heiter Hospital de Orbigo for eit år sidan. Eg gjekk åleine på pilegrimsferd til Santiago de Compostela i seks veker i fjor sommar. Denne kvelden hadde eg kjøpt ein melon og sat ute på gardsplassen ved herberget med han. Men melonen var for stor for meg, så eg spurde ein ung mann som også var åleine, om han ville dela han med meg. Det ville han, og me kom i snakk, fyrst på engelsk og så på tysk. Han fortalde at eigentleg hadde han ikkje hatt lyst å gå caminoen i Spania, for han var mot den masse-pilegrimismen som er der. Fullt i folk som ikkje veit kva ei pilegrimsvandring er for noko. Særleg tyskarar. Derimot hadde han gått Der ökumenische Pilgerweg i Tyskland, to gongar til og med, og den var fin. Ho er etablert med samarbeid mellom kyrkjelydane langs vegen, uansett konfesjon, difor "ekumenisk". Ei drifitg prestefrue hadde visst vore ein primus motor. Der er herberge i passeleg avstand og prisar på passeleg nivå. I det gamle DDR kjem der ikkje så mange folk, difor er dei glade for dei som kem. Sa han. Han gav meg nettadressa. Eg visste at i 2010 var ikkje Spania aktuelt for meg. Så difor altså. Nettsida er verkeleg bra. Dette biletet er omtrent frå Hospital de Orbigo. Ikkje at det seier så mykje.

Yr dagen derpå
Ja ja. Eg utsette avreisa i går på grunn av vermeldinga for Görlitz i helga. Men slik det ser ut på yr.no i dag, var visst skybrotet meint som eit skræmeskot. Slik kan det gå for den som er for tillitsfull. I alle fall skal eg prøva å bruka dagane vel her i Selje til dess eg reiser.
onsdag 4. august 2010
Eg fann fram igjen
Det går framover. Eg logga meg ut og greidde å logga meg inn igjen. Eg veit veldig godt at profilbiletet ikkje ser pilegrimsaktig ut, forresten. Men er ikkje heile livet ei pilegrimsreise? Og er det ikkje ein milepæl å fylla 60 år? Jau, det er det. Så kjole-biletet får stå.
Pilegrimsferd på internett
No kastar eg meg i alle fall ut på det ville hav, og det attpåtil eit virtuelt hav. Eg opprettar blogg. Snakk om flink, sjølv om eg fekk god hjelp. I fyrste omgang har eg tenkt å skriva frå pilegrimsvandringa mi i Tyskland, som startar om to dagar og varer i litt over to veker. Eg skulle ha reist av garde til Gardermoen med nattbussen i kveld, men utsette avreisa. Yr varslar skybrot i Görlitz både fredag og laurdag, og det får vera måte på å oppsøkja villt hav. Eg skal gå langs Der oekumenische Pilgerweg, som startar i den austlegaste byen i Tyskland, Görlitz i Sachsen, og strekkjer seg 450 km vest/sørvest. Så får eg sjå kor langt eg kjem og kor lett det er å finna fram. Får også sjå kor mange tilgjengelege PC-ar det finst langs vegen. Eg veit ikkje så mykje, men leia har ei god nettside på http://www.oekumenischerpilgerweg.de/
Har forhøyrt meg litt der.
Elles: Eg går svært gjerne på pilegrimsvegar. Skal nok skriva meir om meg sjølv etter kvart.

Abonner på:
Kommentarer (Atom)